Fortellerglede-handboka

Med handboka ‘Fortellerglede’ ønskjer programsjef Kjell Jarle Høyheim i Program riks å syte for best mogeleg kvalitet på NRKs fjernsynsdokumentarar

– Dersom ein nyttar dette verktyet kan ein finne ut om kvaliteten held eller ikkje, seier Kjell Jarle Høyheim, som har hatt ansvaret for utviklinga av dokumentet, i lag med Natur-redaktør Terje Dale og Faktor-redaktør Oddbjørn Rosnes.

20 sider

Kvalitetsverktyet ‘Fortellerglede’ er eit hefte på 20 sider med sjekklister for dei ulike delane av prosessen mot ferdig fjernsynsdokumentar, frå idé til evaluering etter sending.

‘Fortellerglede’ supplerer verktyet ‘Den sokratiske metode’, som blei laga for evaluering av sendte program. I tillegg bygg det nye verktyet på prinsipp utarbeidd for Faktor- og Ut i naturen-redaksjonen for korleis medarbeidarar skal utvikle idear fram mot innsal av programforslag hos redaktørane.

– Dette har vi nytta i nærare to år, og vi ser at det har fungert slik vi ønska. Det er blitt lettare å ta stilling til programforslaga, seier Høyheim.

Med gode resultat som følgje av kvalitetsverktya til bruk før produksjon og etter sending, ville Høyheim utvikle eit verkty for heile prosessen. 

– Vi ville lage ei ‘kokebok’ for programmedarbeidarane for å sikre kvaliteten gjennom heile prosessen.

Den gode historia

Sjølv om målgruppa for heftet er programmedarbeidarar som arbeider med fjernsynsdokumentarar, ser Høyheim ikkje bort frå at også andre kan ha nytte av verktyet.

– Eg trur at dei overordna prinsippa kan nyttast også av radiomedarbeidarar, og vere til inspirasjon for alle journalistar.

En kopi av fortellerglede-handboka kan bestilles fra sekretariatet.